Uten tittel - Hanji / blekk 50 x50
Åse Berit Skeie Ulltang

Åse Berit skildrar sitt møte med hanji, det koreanske handlaga papiret, som eit materiale som tiltala henne spontant. Papiret har fleire kvalitetar som ho kan nytta til uttrykket sitt. Det innfarga papiret kan vera dekkande, men i collagar kan dei ulike laga vera transparente. Ho kan skjæra papiret i klåre formar, og riva i det slik at fibrane i papiret gjev levande liner i komposisjonen, og få fram dialogen mellom det kontrollerte og det tilfeldige. Åse Berit skaffa seg kompetanse i koreansk målarteknikk på rispapir dei åra som ho budde i Sør-Korea, og i utstillinga som ho hadde ved heimkomst i 2019 synte ho verk der ho kombinerte papircollagane med blekk påførd med pensel. Penselføringa gav ein dynamikk med energi og styrke til dei harmoniske papircollagane, ofte i eit samspel og nokre gongar i klår kontrast til collagane. Og relasjonane ein kan tolke inn i verka, jamstiller ho med relasjonar mellom menneske.

4 800,00kr

1 på lager

Kunstavgift:
Lovpålagt kunstavgift på 5 % til Bildende kunstneres hjelpefond vert lagt til ved utsjekk og gjeld alle kunstverk over 2000 kr.

Ramme:
Me tilbyr innramming. Kontakt oss for informasjon.

Teknikk: Collage/ Hanji
Opplag:
Motivformat: 50 x 50
Format:
Signert: 1

Åse Berit Skeie Ulltang

ÅSE BERIT SKEIE ULLTANG (f.1964) jobbar med collage og akrylmåleri. Ho har budd mange år i Sør-Korea, noko som gav innblikk i og kunnskap til nye materiale og teknikkar. Handlaga koreansk papir, Hanji, har heilt særeigne kvalitetar når det gjeld tekstur, farge og styrke. Skeie Ulltang nyttar sterke farger opp mot kvarandre, i ein spontan […] Les mer

Hanji,blekk,papir,collage,åse berit,skeie ulltang,papri kunst,korea,koreansk