Skåro (grafikk)
Jan Terje Rafdal

Vert synt i utstillinga «Landskap i sakte endring» frå 19-mars til 17-april ved Galleri Giga.
Kontakt galleriet for meir informasjon kring visning av verk utanom opningstid samt meir info kring kvar verk.
Rafdal har studert illustrasjon i tre år i England, samt tre år i Arna ved Garnes VGS. Han har hatt ei rekkje utstillingar både internasjonalt og i Norge.
Rafdal har ateliér i Etne og me vel å kalle han ein av våre lokale kunstnarar.
Han arbeider innan ei rekkje ulike teknikkar, med særleg vekt på grafikk, teikning og maleri.
Frå 19.mars til 17. april kan de få sjå utstillinga «Landskap i sakte endring» i Galleri Giga. Her syner Rafdal måleri, samt kolteikningar og grafikk. Det vil bli lagt ut ei digital visning av utstillinga frå 22. mars, samt vil verka bli gjort tilgjengelege i nettgalleriet/nettbutikken.
Landskap i sakte endring.
«Etter mange år med fokus på motiv henta frå sørkysten av England gjennom eit langvarig samarbeidsprosjekt med Jeremy Gardiner (UK), kom ei stadig sterkare trang til å arbeida med referanser som eg har eit nærare forhold til.
Eg bestemte meg for å ta utgangspunkt i ei svært begrensa tidsramme på våren, nemleg tida under snøsmeltinga. Lenge har mønster og former som oppstår i kontrasten mellom snøen og fjell/ bar mark vore ei kjelde til fascinasjon. Ein ser dette nærast som eit binært mønster som kan opplevast heilt eller delvis abstrakt. Med dette som utgangspunkt var eg førebudd på at dette kunne resultera i eit uttrykk med sterk abstraksjon, men serien tok etter kvart ei meir figurativ retning. Kanskje det er den sterke tilknyttinga til desse stadene som gjer at motiva utvikla seg mot det konkrete?
Dei langsomme endringane som skjer i naturen viser igjen som spor etter istida, skrevne inn i landskapet og forma av enorme krefter. Vidare ser me overgangen mellom årstidene som fylgjer sin eigen syklus. Alt dette står i kontrast til samfunnet rundt oss, der me stadig går lengre i å setja våre spor, nokre som etter kort tid er utviska av naturen sjølv. Andre med potensial for å bli ståande i nær uendeleg tid sett i eit menneskelig perspektiv. Å betrakta eit landskap oppe i fjellet er ei slags tidsreise, der ein ser ein del av verda som er så godt som heilt upåverka av oss mennesker. Det same motivet som må ha møtt menneska som levde her etter den siste istida og framover.
Eg ynskje å formidla dei usikre, og til del usympatiske elementa som møter ein i naturen. Været som skiftar brått, snøen som utover dagen blir laus og tung å ferdas i når sola får den til å smelta. Det er langt heim …»

2 800,00kr

1 på lager

Kunstavgift:
Lovpålagt kunstavgift på 5 % til Bildende kunstneres hjelpefond vert lagt til ved utsjekk og gjeld alle kunstverk over 2000 kr.

Ramme:
Me tilbyr innramming. Kontakt oss for informasjon.

Beskrivelse

Nydeleg mozzotint frå Jan Terje Rafdal.

Teknikk: Mezzotint
Opplag:
Motivformat:
Format: 29 x 30
Signert: 1

Jan Terje Rafdal

JAN TERJE RAFDAL (f. 1974) har studert illustrasjon i tre år i England, samt tre år i Arna ved Garnes VGS. Han har hatt ei rekkje utstillingar både internasjonalt og i Norge. Rafdal har ateliér i Etne. Han arbeider innan ei rekkje ulike teknikkar, med særleg vekt på grafikk, teikning og maleri. Mellom seriane til […] Les mer