
, Stord
8. mars markering 2023: Tvillingsong
Anne Tveit Knutson
I høve 8 mars markeringa på Stord ynskjer Galleri Giga i samarbeid med 8.mars – initiativet og Stord Filmklubb å starte markeringa med føredrag av Anne Tveit Knutson, og deretter syning av hennar film Tvillingsong.
Tvillingsong er ein lågmælt og nær film om to tvillingsøstrer på 52 år som lever med ei utviklingshemming. Filmen skildrar den unike relasjonen deira og kommunikasjonen dei har med kvarandre og omverda. Toril lever med alvorleg nyresvikt, og filmen følgjer den siste tida dei har saman.
I høve markeringa har me også invitert Åtgaum til å lage ein Pop-up bar og bistro hjå oss. Ta deg eit glas og ein god sandwich hjå oss, medan du møter Anne Tveit Knutson og opplever hennar knallsterke film!