
Levende stillhet
Det er med stor glede me inviterer til årets fyrste separatutstilling hjå Galleri Giga med Arna Kristine Lund- Johnsen som viser to prosjekter hjå oss Det er rart med stillheten i skogen og Sammenvevde observasjoner. Utstillinga vert opna av Øyvind Hjelmen.
Arna Kristine Lund-Johnsen (f. 1982, Kristiansund) har ein Master i Kunstfag frå Kunsthøgskolen i Oslo, og jobbar med foto som utgangspunkt for sine prosjekt. Fellesnemnar for prosjekta er tid, tematisk eller teknisk, og gjerne i kombinasjon. Ho arbeider primært med tekstile teknikkar og materiale, med digital trådstyringsvev som fordjupingsområdet. Arbeida i prosjektet Det er rart med stillheten i skogen er vevde tekstile bilete, tittelen på prosjektet er henta frå Hans Børli sitt dikt ‘Den levende stillheten’. I prosjektet Sammenvevde observasjoner viser og Lund-Johnsen vevde bilete, men desse er vovne saman av papirfoto. Reint teknisk vert to eksemplar av kvart fotografi strimla opp i kvar si retning før dei vert vovne saman, som ei slags dobbeleksponering. I Sammenvevde observasjoner møter me tida, eller fråværet av den. Den intrikate samanstillinga av vevd foto kan stille spørsmål ved vår evne til å sjå foto som noko forgjengeleg eller som ei augneblink som er foreviga. Lund-Johnsen kan bruke vekevis på eit motiv, ho vel ut og bearbeidar fotografia sine til ho finn kjensla av tid, tapt eller vunnen, ho søker etter. Ein kan sjå dette som ei slags poetisk handling som står i sterk kontrast til korleis me i dag ser på, deler og behandlar fotografi.
Arna Kristine Lund-Johnsen har blant anna stilt ut ved Statens utstilling Høstutstillingen, Trøndelagsutstillinga, GAD Galleri, Ålesund Kunstforening Parken, Nordic Light International Photofestival, Galleri Dobag og Kristiansund Kunstforening og har i den seinare tida gjort fleire utsmykkingsoppdrag.
Opning laurdag 18. mars kl. 13 med Øyvind Hjelmen.
SJÅ ALLE VERK I UTSTILLINGA HER