image0

POP-UP utstilling med Bjørg Thorhallsdottir

Bjørg Thorhallsdottir

Fredag poppar både grafikken til Bjørg Thorhallsdottir og sjølvaste Bjørg Thorhallsdottir opp i Galleri Giga!

Klokka 13:30 kan du møte kunstnaren sjølv, høyre ho fortelje om kunstnarskapet sitt, livet, glede, samhold og kjærleik, med både alvor og glimt i auga!
Du vil også få sjå og evt. snope deg eit av verka hennar rett fra vegg!

Bjørg sine verk handler om kjærleiken, eigenkjærleik og kjærleik for andre, i tillegg vil de sjå grafikk som viser at me må feire dei små tinga i livet, ta vare på – og kanskje gi blaffen!

Kunstnaren Björg Thorhallsdottir er fødd i Ìsafjördur på Island i 1974. Familien flytta til Noreg, og ho voks opp i Lommedalen i Bærum og i Sørøst Asia.

Björg har ti år med kunstutdanning innan grafikk, måleri, installasjonar og aktteikningar frå mellom anna kunstakademiet i Barcelona og Toulouse. Ho har gått i lære hos Jean Ducros ved kunstakademiet i Toulouse, Frankrike i 1998, og i grafikk hos Ignacio Aguirre i Barcelona i 2001-2002. Ignacio har tidlegare jobba med kunstnarar som Picasso, Miro og Dali, og i dag har Björg sitt atelier i Barcelona. Björg er medlem av Norske Grafikere, og kunsten hennar har vorte utstilte både i inn- og utland. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar, og etterspurnaden etter grafikken er stor.

Ho har utsmykka fleire kyrkjer og bygningar med mosaikk, marmorutskjeringar og blyglasvindauge, og jobbar både med grafiske etsninger og måleri.

Då ho vart enkje 30 år gammal og åleinemor for 2 år gamle Tölli, etablerte ho Hjertefred på Allehelgensdagen i 2006, slik at sonen (og andre som har mista nokon) skulle ha ein stad og minnast sine kjære i glede. Hjartefred har vakse til å bli ei landsforeining og i dag blir Hjertefred arrangert over heile landet.

 

Vel møtt i Galleri Giga fra 13:30 til 15:00 fredag 25.08.23