Volum 9

2.000,00kr

1 på lager

Kunstavgift:
5 % til Bildende kunstneres hjelpefond er inkludert i våre prisar på alle kunstverk over 2000 kr.

Ramme:
Me tilbyr innramming. Kontakt oss for informasjon.

Beskrivelse

Organisk, vakker skulpturell vase skapt i steingods med begitning og glasur.

Teknikk: Steingods
Opplag:
Motivformat:
Format:
Signert: 1

Anja Borgersrud

ANJA BORGERSRUD jobbar i hovudsak med keramisk materiale og lagar både bruksting og meir skulpturelle objekt. Ho utforskar foholdet mellom skapar og mottakar, korleis kroppen og sinnet til kunstnaren formidlar form og farge gjennom gjennom leire som plastisk materiale. Formspråket er breitt, frå det heilt stramme til meir leikne og ukontrollerte uttrykk. Dette viser tilbake til ein dualitet hos kunstnaren, spenninga mellom kontroll og perfeksjonisme og behovet for å sleppet taket og la materialet ta kontroll over formgivingsprosessen. Ho har studert produktdesign i Paris frå 2000 - 2003, studiar som vart fullførte med ein bachelor i produktdesign ved Høgskolen i Akershus i 2005. Erfaring med keramikk starta med gjennomføring av dagskolen ved Friundervisningen i Oslo som sidan enda i lærlingtid med fullført fagbrev i keramikarfaget i 2014. I 2017 gjennomførte ho to månader med kunstnarresidens i Shigaraki, Japan som vart støtta med stipend frå Sasakawa Foundation. Dette opphaldet vart avslutta med ei utstilling saman med den italienske keramikk-kunstnaren Antonella Ciamatti. Ho sel keramikken sin ei rekkje ulike butikkar i kunstsenter og galleri. I tillegg har ho deltatt på ei rekkje ulike utstillingar, m.a NKs temautstilling 2019 i Galleri RAM.