Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies). Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette.
Les mer her
Om oss
GALLERI GIGA VERSJON 2.0 I Galleri Giga arbeidar vi for å få Kunst i Hus. Det er arbeidsmåla og virkeområda våre. Separatutstillingane byrjar som kunst i vårt hus, og etterpå i andre hus. Våre utsmykkingsoppdrag handlar for det meste om å få kunst i offentlege hus. Vil vil vera ein seriøs formidlar av kunst i den kommersielle sektor, utan at det kommersielle har einerådande fokus. Som privat formidlar må det kommersielle vera eit naudsynt element i drifta av galleriet. Vi arbeidar for at den besøkande skal få ei kunstoppleving. Dette arbeidet er vi stolte av. Kunst - kulturformidling Vi er og stolte av å vera bineledd mellom dei verka som kunstnarane har skapt, og publikum. Galleri Giga ynskjer å vera ein kulturformidlar. Historikk Galleri Giga vart etablert i 1999. Det er det fyrste faste kunstgalleriet på Stord. Galleri Giga vart etablert i bitte små lokal (difor namnet "Giga"). Frå dag ein vart galleriet godt motteke. Ei utviding av verksemda vart naudsynt i 2000. Ny utviding i juni 2005 og 2015 November 2018. Ny eigar. Nye lokal. Nina Lovise Langeland overtek Galleri Giga Versjon 2.0