Om oss
Galleri Giga versjon 2.0
I Galleri Giga arbeidar me for å få Kunst i Hus.
Det er arbeidsmåla og virkeområda våre.
Separatutstillingane byrjar som kunst i vårt hus, og etterpå i andre hus.
Våre utsmykkingsoppdrag handlar om å få kunst inn i offentlege hus og ut i offentlege rom.
Me er ein seriøs formidlar av kunst i den kommersielle sektor, utan at det kommersielle har einerådande fokus.
Som privat formidlar må det kommersielle vera eit naudsynt element i drifta av galleriet.
Me arbeidar for at den besøkjande skal få ei kunstoppleving.
Dette arbeidet er me så stolte av.
Kunst – kulturformidling
Me er stolte av å vera bindeledd mellom dei verka som kunstnarane
har skapt, og publikum.
Hjå oss skal ein kunne oppleve kunst uavhengig av utgangspunkt. Me arbeidar aktivt med å minske dørstokkmila for å våge å trø inn i vår verd av kunst. Her skal du få møte kunsten enten du kjenner den frå før eller du verken kjenner eller «forstår» den. Det er lov å ikkje forstå, og du er hjartleg velkommen til oss med det utgangspunktet du har.
Historikk
Galleri Giga vart etablert i 1999. Det er det fyrste faste kunstgalleriet på Stord. Galleri Giga vart etablert i bitte små lokal (difor namnet «Giga»).
Frå dag ein vart galleriet godt motteke. Ei utviding av verksemda vart naudsynt i 2000. Ny utviding i juni 2005 og 2015
November 2018. Ny eigar. Nye lokal.
Nina Lovise Langeland overtek Galleri Giga Versjon 2.0
November 2020. Nettgalleri – og me tek steget enno vidare.