
Vigdis Wicklund
VIGDIS WICKLUND (f. 1983) har hatt kunst som yrke sidan 2009. Ho byrja i eit lite arbeidsrom i kjellaren då ho var ferdig utdanna som faglærar ved Høgskolen i Telemark. Sidan har arbeidet med kunst vore hennar einaste levebrød. Ho er fast leverandør til ein rekkje store galleri landet over.
«Verkstaden har blitt oppgradert og flytta, men figurane er framleis mine eineste kollegaer. Eg finn mykje selskap i det eg skapar og håpar det er slik også for dei som kjøper skulpturane mine. Eg ønskjer å formidla noko som inspirerer og rører, og eg gir mykje av meg sjølv kvar gong eg formar ein ny figur på arbeidsbenken min».
Alt blir modellert for hand av ulike steingodsleirer, og mange av fargane Wicklund brukar, lagar ho sjølv.