portett trine kraft 2 600x

Trine Hovden

Bergen

Trine Hovden (f. 1976) fullførte Hovedfag i kermaikk ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2005. I 2017 fekk ho det tiårige arbeidsstipendet til staten for etablerte kunstnarar. Dei siste åra har ho mellom anna arbeidd med triologien «Collision» saman med Heidi Bjørgan, vist i Sogn og Fjordane kunstmuseum, Oppland kunstsenter og kunstbanken Hamar.

Trine Hovden arbeider med leire, og med silketrykk der fotografiet er utgangspunktet. Motiva er hennar eigne familiefotografiar, både nyare og eldre fotografiar arva av avdøde slektningar. Ho er forankra i materialet og handverket, men utfordrar førestillingane om kva keramikk er og kan vera. I fleire år trykte ho fotografia på brunt og porøst leirgods, gjerne forma som tallerkenar. Dei seinaste åra er bileta brote opp, skirt i strimlar, som i ei makuleringsmaskin. I Studio viser ho verk frå den nye serien Vekst der ringar av makulerte leirebiletstrimlar er stabla oppå kvarandre til dei nesten søkk saman av si eiga tyngd. Rett før skulpturane kollapsar blir dei brende, for deretter å kunna tola meir vekt frå nye strimlar. Skulpturane står fram som eigne vesen i eit velorganisert kaos.Trykk og glasur er på innsida av sylinderene, og leiren sjølv gir farge til utsida, som svart, raud, rosa, grå og bruntoner.

«Inni er desse tilsynelatande vaklevorne og skrøpelege sylindrane dekt av biletmotiv. Det som i leirbiletflatene var framsida, har her vorte innsida, medan baksida har vorte utsida. Ei omvend verd er skapt; eig utan faste og stabile kategoriar for rett og gale, fint og stygt.» – Jorunn Veiteberg 2021