
Tina Tobiassen
Tina Tobiassens (1963 ) måleri blir kalla naiv optimisme. Og det rår ein nokså klar filosofisk bodskap i hennar billedverden. Trua på forandring; det å bryta ut av vaner og ta sats ut i det ukjente. Men også eit tydeleg fokus på nærvær, både fysisk og mentalt; det å vera tilstades i ens eige liv og ta vare på augneblinkane. Hennar metamodernistiske prosjekt rullar vidare og har i hennar seinaste arbeider eit større fokus på historia og minne. Kva hugsar vi av det levde livet? Solfylte somrar, gode stunder, barneglede, oppdagingar og prestasjonar – alt som eit litt slørete «totalminne».
Måleria er bygd opp av akryl, kull og ørkensand. Motiva er poengterte og figurative, men innehar òg ein del abstrakte element. Bakgrunnen eller miljøet som omgir figurane minner om drømmeriske landskap. Dei er ikkje stadsspesifikke, men kvar sjåar vil likevel kjenna seg igjen. Hennar opne landskap kan reflektera maritime miljø, men også fungera som metafor for tankane og tolkingane våre. Ein blir lett dratt inn i Tobiassens billedunivers. Det er kontrastfylt og harmonisk på same tid. Bruken av ørkensand gir eit taktilt og personleg uttrykk. Foto: Cedric Archer