
Sigmund Olsvik
Sigmund Olsvik (f.1937) er vakse opp i Haugesund og har røtene sine ved kysten, med mange sommere i Nord-Noreg. Dei nordnorske nedfallsnausta kjem han ofte tilbake til. Olsvik har reist mykje med hurtigruta, og sett utover dette landskapet med dei gudsforlatte stadene. «Eg har ein lengsel mot det einsame og forlatne; eit kulturlandskap som er i ferd med å forvitra. Men eg står ikkje ved sida av Karl Erik Harr i friluft og målar for å seia det sånn; dette er fri dikting og inntrykka mine.»
Olsvik har jobba som AD i byrå som Bates, Høydahl Ohme og Fabritius, og tok utdanninga si ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole (SHKS) i 1955-59 og London School Of Printing 1962-63. Han er innkjøpt av ei rekkje samlingar og er medlem av Norske Bildende Kunstnere og Tegnerforbundet. Dei siste 11 åra av karrieren sin var han reklamesjef for eit plastindustriføretak eigd av Hydro.