Rita Egren

RITA EGREN har utdanninga si innan keramisk design fra Det Kongelige Danske Kunstakademi i København, og er medlem av Norske Kunsthåndverkere. Ho har blant anna stilt ut ved Vestfold Kunstsenter, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Sandefjord Kunstforening, Galleri Elogel og Oslo Rådhus.

Rita designar og produserer sine eigne produkt hovudsakleg i støypt porselen. Fargane i porselenet vert blanda inn i leira etter eigne fargekombinasjonar. I designen hennar ønsker ho først og fremst å fokusera på brukarvennlegheit, men i tillegg skal produkta gi glede til sansane. Det å drikka av ein kaffikopp skal gi ei heil oppleving. Gi glede for auge, luktesansen og smaken såvel som det å kjenna på formen, overflata og temperaturen til koppen. Kvart produkt skal opplevast på sin måte tilpassa bruksområdet. Rita likar å jobba med enkle, men stramme linjer og former i sine design. Det enkle er ofte det beste, men til tider ofte det mest krevjande å skapa. I ei tid der me omgir oss med mykje visuell støy, er det viktig for ho å skapa små rolege haldepunkt i våre trivielle kvardagsprodukt.

auto draft

Hank – kaffekopp svart

Rita Egren500,00kr
auto draft

Hank – kaffekopp mørk grå

Rita Egren500,00kr
auto draft

Hank – kaffekopp strågul

Rita Egren500,00kr
auto draft

Hank – kaffekopp isblå

Rita Egren500,00kr
auto draft

Hank – kaffekopp mørk blå

Rita Egren500,00kr

Fløytemugge – Lille fløte

Rita Egren350,00kr

Søte røre – skei

Rita Egren50,00kr

Tekoppen

Rita Egren450,00kr

Lille tapa

Rita Egren200,00kr

Kopp / Koppen

Rita Egren400,00kr