Rigmor Elin Aase Bø

RIGMOR ELIN AASE BØ (f. 1968) er frå Sogn og Fjordane, har årsstudium i keramikk/form frå lærarhøgskolen i Kristiansand i tillegg til utdanning som ålmennlærar. Etter å ha undervist i keramikk og form i fleire år, arbeider ho no både som kunstnar og lærar.
Ho lagar helst keramikkskulpturar i steingodsleire og er fascinert av leira som materiale. Leira er medgjerleg, men samstundes utfordrande og krevjande. Hennar fokus er på «mennesket» og på «uttrykk». Skulpturane kan difor være både naturalistiske og abstrakte. Ofte har dei eit karakteristisk lengtande og drøymande uttrykk. Ho ønskjer å gi betraktaren ei estetisk oppleving av såvel form og farge som av uttrykk. Det skal gjere godt å sjå på skulpturane, og ein skal kunne leve seg inn i draumane deira. Skulpturane har ein lengt i auga. Det er noko der som dei lengtar etter, slik det er med dei fleste av oss. Ho har hatt fleire store separatutstillingar og stiller ut arbeida sine i fleire galleri på Vestlandet, Sørlandet og i Oslo- området.

Nothing found.