Renate Løvli

RENATE LØVLI (f.1982) er keramikar, bur i Innlandet og driv det vesle porselensfirmaet LEIRBRENT. I kunsten sin er Løvli opptatt av kombinasjonen mellom nostalgi og nytekning. I hennar handlaga produkt blir funksjonalitet kombinert med overraskande element. Varemerket er skåler og koppar inspirert av den gammaldagse badehetta, og desse er mellom anna kjøpt inn av Astrup Fearnley-butikken. Løvli ønsker å vekka både forvitenskap og begeistring hos betraktarane, og bruker òg ein del tekst og figurar i produksjonen sin. Løvli er i stor grad autodidakt, men har både gått i lære hos Sarah Reed, og dessutan studert på høgskulen i Stord. I 2012 fekk Løvli prisen som Årets utstillar på Rennebu Martnan, blant 150 andre utstillarar.