
Øyvind Tingleff
Øyvind Tingleff (f. 1951) er ein norsk keramikar som har utdanninga si frå Bergens Kunsthåndverksskole 1973-77.
Frå 1978 har Tingleff hatt eigen verkstad på Nordenhov, Ringerike med stor produksjon av bruksting fram til 1988. Han tok så ein pause fra keramikk fram til 2002 for å arbeida med å produsera og illustrera skulebøker. Frå 2003 har han arbeida som freelance-illustratør og keramikar.
Tingleff elskar handverket, og det å dreia. Han lagar bruksting i steingods og porselen i tillegg til å modellera figurar, for det meste dyr. Basisformene til skulpturane blir ofte dreid for deretter å bli bearbeida. Han tilstrebar noko underfundig, lunt humoristisk eller groteskt i uttrykket sitt og leverer til fleire galleri rundt om i landet.
Nothing found.