
Øyvind Hjelmen
ØYVIND HJELMEN (f. 1954) arbeider med fotografi, og har spesialisert seg på svart-kvittbilde handlaga i eige mørkerom.
Han arbeider med alt frå miniatyrar på 2,5 x 2,5 cm til større verk på 1×1 meter.
Bilda er karakterisert ved djupe skuggeparti, gjennomtrengande lys, og ein til tider lett sløra estetikk som ofte vert forbunden med analoge fotografi laga ved hjelp av lågteknologiske og svært enkle kamera.
På eit nivå under bildeflata vert det personlege universelt, og handlar om det å vera menneske. Om våre erfaringar med minne, frykt, mareritt, tap, seksualitet, draumar, håp og tvil.
I tillegg handlagar han boksar og bøker – såkalla artist´s books – som anten er unike eller i svært låge opplag.
Han lagar og kameralause bilde (fotogram), der objekt vert lagt direkte på fotopapir.
Øyvind Hjelmen studerte moderne kunst og estetikk ved universitetet i Bergen, og er òg utdanna fagfotograf.
Han hatt utstillingar i 15 land, og er innkjøpt i offentlege og private samlingar i inn – og utland, inkludert Museum of Fine Arts i Houston.
Han er medlem av Norske Billedkunstnere og Forbundet Frie Fotografer