
Nina Andrea Standerholen
Nina Standerholen (f. 1981) arbeidar med keramikk og er veldig opptatt av overflater. Serien NOV som me formidlar i Galleri Giga er keramikklossar trykt med mønster frå endeveden frå gamle lafta hus. Ein del av dei trykte verka hennar har ho brunne i obvara, som er ein lavtbrent, utandørs brenneteknikk. Teknikken stammar frå mellomalderen, og oppstod i øst-Europa.
«Eg er opptatt av å invitera inn i prosessen, la folk bli kjent med materialet og arbeidd som ligg bak
eit ferdig objekt. Dei siste fire åra har eg derfor hatt eit pop-up-galleri heime i desember der eg
har ope og inviterer inn til verkstaden for å sjå korleis eg arbeider, men også for å la besøkande
prøve sjølv. Ved å gi demonstrasjonar og la besøkande få prøva sjølv, opplever eg at dei reiser frå
verkstaden min ikkje berre med gjenstandar dei kanskje har investert i, men også med ei forståing for
handverket og ei innsikt i arbeidet og tankeprosessen som ligg bakanfor.»
FOTO: Ola Klåpbakken