
Mette Strøm
METTE STRØM er ein norsk keramikar med utdanning frå m. a Kunsthøjskolen i Holbæk, Danmark og Kunsthøyskolen i Oslo. Ho er medlem av Norske Kunsthåndverkere og har utanom eigne separtutstillingar vore med i ei rekkje gruppeutstillingar i inn- og utland. Ho bur og arbeider i Oslo.
Strøm er kjend for sine vakre og taktile keramikk-egg. I utgangspunktet var desse nytta om glasurtestar, men då ho byrja eksperimentera med å leggja inni små kuler, slik at egga også fekk lyd, fekk dei etterkvart sitt eige liv. Sidan heldt Strøm fram med å utforska ulike glasurar med dobbeltdypping og lag-på-lag mellom brenningane. Egga er unike både på utsida og innsida: Lyden er avhengig av kva type leire som er nytta, av tjukkleiken på «eggeskalet» og av kor store kulene er. Keramikaren lagar også vasar og krukker, som i seg sjølv kan vera små skulpturar.
Fotokreditering kunstnarportrett: Bjørn Johan Stenersen