maritwollan 2022

Marit Wollan

Oslo

Marit (f. 1974) er ein Oslobasert fotograf og keramikar med verkstad i det kreative arbeidsfellesskapet Kroloftet på Etterstad. Ho har ein Bachelor of Arts frå det som no heiter University for the Creative Arts i England, og har jobba med foto og keramikk i 25 år.

Marit deler det kunstnariske arbeidet sitt mellom gatefotografering og skulpturarbeid i leire. Som fotograf er ho fascinert av urbane landskap og av å finna det vakre i det kvardagslege. I leira leitar ho fram litt meir ekspressivt frå materialet og seg sjølv.

Marit håndmodellerer i steingodsleire, og alle skulpturane i dei ulike seriane har unike uttrykk. Skulpturane har ofte inspirasjon frå menneskes og dyrs anatomi og kroppsspråk som utgangspunkt for meir abstraherte og stiliserte former. Gjerne med ønske om å formidla ei kjensle som ein kan kjenna seg igjen i. Andre gonger noko absurd og humoristisk. Eller berre noko vakkert. Arbeidsprosessen kan variera frå det heilt intuitive og spontane til planmessig arbeid med ein spesifikk tematikk over tid. Dette gir eit visuelt spenn i dei ulike skulpturseriane hennar – frå monokrome, ekspressive menneskeskulpturar til rakubrunne fabeldyr og sukkersøte dachshundar. Men kvifor avgrensa seg når leira gir alle moglegheiter?

dachshund rosa

Dachshund – turkis

Marit Wollan750,00kr
dachshund rosa

Dachshund – rosa

Marit Wollan1 750,00kr
dachshund orange

Dachshund – orange

Marit Wollan1 750,00kr
dachshund

Dachshund

Marit Wollan1 750,00kr
kjegledame #4

Kjegledame #4

Marit Wollan2 800,00kr
kjegledame #3

Kjegledame #3

Marit Wollan2 800,00kr
kjegledame #2

Kjegledame #2

Marit Wollan2 800,00kr
kjegledame #1

Kjegledame #1

Marit Wollan2 800,00kr