
Magrethe Barstad Golberg
MARGRETHE BARSTAD GOLBERG (f.1957) er utdanna keramikar ved Bergen Kunsthåndverksskole (1981-1986) og er medlem av Norske Kunsthåndverkere.
Golberg har heile tida hatt porselen som sitt materiale, og ei blanding av porselen og steingods i større arbeid. Ho jobbar både med bruksgjenstandar og meir dekorative arbeid med hovudvekt på dreiing. Ho er opptatt av forma, som ofte er klar og stram, noko som gjev spelerom for leik med fargar og dekorelement. Golberg er opptatt av samspelet mellom form og dekor, på kva måte ein dekor kan vera tilnærma lik, men likevel skapa eit ulikt uttrykk alt etter korleis dekorelementa endrar seg i storleik og fargebruk.
Golberg har hatt utsmykkingsoppdrag, og er innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kode.
Ho har verkstad på Bjørge i Bergen.