Magne Kjellesvik

MAGNE KJELLESVIK (f. 1949) er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole og Statens Lærerskole i Forming, Notodden. Etter åtte år med undervisning og kunst, har han arbeidd som billedkunstnar på heiltid sidan 1984/85.
Sidan starten i 1977 har han hatt 45 separatutstillingar frå Tromsø i nord til Jæren i sør. Han har deltatt i Norske Grafikeres utstilling i Moskva 1987 og i Sofia, Bulgaria 1995.
Motiva spenner frå rein naturlyrikk til fabulerande/surrealistiske
komposisjonar, ofte med humoristiske innslag.