Livio Viggo Lilli

LIVIO VIGGO LILLI (f.1966) har frå 1999 drive sin eigen verkstad i Bergen. Hovudmaterialet er steingodsleire, men Lilli kombinerer gjerne med andre materiale og. Han jobber med fleire ulike teknikkar og uttrykket hans er vanskeleg å plassera i nokon bås. Han jobbar både med bruksgjenstandar, konseptuelle arbeid og reine skulpturelle objekt.

Livio Lilli var tidlegare utdanna frisør, før han frå 1995-1998 utdanna seg på nytt til produktdesignar ved Høgskolen i Akershus. Hovudmaterialet hans var der leire. Frå 1998-1999 vidareutdanna han seg ved det nasjonale senteret for keramikk i Frankrike (Le Cnifop). Livio jobba i Frankrike og i periodar hos ulike keramikarar som Charlotte Poulsen og
Christine Viennet. Livio deltar jamleg på utstillingar både i innland og utland.