
Liv Nordvik
Osterøy
LIV NORDVIK har hatt eigen verkstad i knarvik sidan 1987. Ho har hatt fleire separatutstillingar og deltatt på mange fellesutstillingar. Siste utstilling ho deltok på var ei utstilling i august 2019 på Hardbakke i Solund i regi av Solund kunstlag.
Liv Nordvik er oppvaksen på eit småbruk på Osterøy. Trongen til å attskapa miljø og omgjevnader frå barndommen synest tydeleg i motivvala på fata hennar. Ho bruker ein teknikk for fotooverføring til fata som vert kalla jernprint. Fotoa vert omarbeidde og gjerne fargelagt for hand etter at dei er overført på våt leire og råbrent.
Bakgrunnen til Liv Nordvik er kunstlinja ved Langhaugen gymnas under Thomas Breivik, eitt års læretid hos Kyrre Grepp og diverse kurs.
Nothing found.