Line Marsdal

Line Marsdal (f. 1974) har eit særeige urbant uttrykk i akrylmaleria sine og i sin digitale grafiske kunst (DGA el. Digital Graphic Art). I DGA er det fleire ulike lag, somme skapte for hand, andre skapte digitalt. Til slutt blir alle lag gjort om til eitt, og originalen blir ei datafil som må trykkjast – for så å bli eit nummerert, begrensa opplag av bilde til å hengja på vegg.
Den røffe stilen hennar gir assosiasjonar til slitne murveggar. Og menneska – som ofte blir synte bakfrå – kan gi betraktaren ei ekstra kjensle av å sjå utanfrå og inn, anten i andre sine liv eller i eigne minne og framtidssyner. Ho blir ofte inspirert av detaljar og system i urbane miljø, av flokkmentalitet, jantelov og kvardagsliv, og er glad i uvanlege kombinasjonar og kontrastar.
Line Marsdal bur i Oslo og arbeider med kunsten på heiltid.