
Lars Birger Wilhelmsen
Moss
Lars Birger Wilhelmsen har jobba som sjølvstendig kunstnar sidan 1993. Han har hatt ei rekke utstillingar i Noreg og Sverige. I dag kan ein finne arbeida hans i ei rekke galleri rundt om i Noreg.
Dei siste åra har han male på store veggfat som han ført sjølv har laga. Desse blir støypte i former og materiala som blir brukte i prosessen er strie, gips og arméring. Når fata er tørre blir dei malne. I maleprosessen liker han å bruka mykje struktur og ingripende teknikkar for skapa ei kjensle av tyngde og patina. Motivverda som opptar han mest er relasjonen mellom menneske eller forholdet individet har til si eiga indre verd.
I tillegg til fata har han dei siste åra byrja å laga trykk i DGA teknikk.