Kristian Finborud

KRISTIAN FINBORUD (f.1964), er ein norsk bildekunstnar frå Porsgrunn. Han er kjent for sine etsingar med humoristiske og gjenkjennelege motiv der menneske sine møte med naturen er sentrale. Ski, sportsfiske, fotball og kajakkpadling er settingar Finborud sine bilde ofte spelar seg ut. Somtid lagar han òg vare skildringar av natur utan menneske i motivet, men gjerne med menneskeskapte element, som brygger og hus.

Sidan debuten i Porsgrunn kunstforeining i 1988 har Finborud hatt fleire titals utstillingar over heile landet. Han er representert i galleri i heile Noreg frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.