
Jorunn Ygre Rogne
Kongsberg
Keramiker Jorunn Ygre Rogne er frå Voss og fødd i 1954, men har jobba i grunnskulen på Kongsberg i 26 år. I 2001 fekk Rogne Solsikkeprisen som beste utstillar på Kjerringtorget i Nesbyen. Sidan hausten 2006 har ho jobba med leire på heiltid.
Som keramikar er ho sjølvlært, og vart fortapt i materialet som 17-åring. Opp gjennom åra har ho eksperimentert, prøvd og feila, og lært mykje om det utrulege materialet.
Rogne jobbar med steingodsleire og spektrumfargar (smeltebegitning), og byggjer gjenstandane eller bruker former. Ho legg stor vekt på heilskapen mellom form og dekor. Skravureffekten har blitt varemerket hennar, og ho jobbar mykje med overflata. Blanke og matte flatar mot kvarandre skapar spenning.