
Janne Lykke Wilhelmsen
Janne Lykke Wilhelmsen (1969)
Keramikar og biletkunstnar frå Moss.
Janne Lykke Wilhelmsen byrja med keramikk på Hardanger Folkehøyskole i 1989-90. Ho har sidan gått i lære hos Kirsten Settli. I 1993 fekk ho stipend frå Østfold fylkeskommune og starta då opp som keramikar på heiltid. Ho har verkstad og atelier på idylliske Carlberg gaard i Rygge. Janne arbeider i hovudsak med steingodsleire og lagar skulpturar og veggfat/bilete. I den seinare tida har ho gått meir over frå å berre arbeida med keramikk til også å jobba med måleri/ biletbehandling.
Ho målar stort sett kattar. Kattane i verda hennar har tildels menneskeleg åtferd. Dei kronene seg sjølv, er kjærlege, irriterte, glade eller rett og slett litt leid kvardagen og tek seg ein liten ferie.