Jan Terje Rafdal

JAN TERJE RAFDAL (f. 1974) har studert illustrasjon i tre år i England, samt tre år i Arna ved Garnes VGS. Han har hatt ei rekkje utstillingar både internasjonalt og i Norge. Rafdal har ateliér i Etne. Han arbeider innan ei rekkje ulike teknikkar, med særleg vekt på grafikk, teikning og maleri. Mellom seriane til Rafdal som er representerte i Galleri Giga finn me Landskap i sakte endring og Felix Fiigenschou. Klikk på enkeltverk for inngåande beskriving.