
Ingun Dahlin
Ingun Dahlin (f. 1961) er ein norsk keramikar og skulptør busett på Heimdal i Trondheim.
Dahlin tok utdanninga si ved Statens Håndverk og Kunstindustrihøyskole i Oslo, og ved Statens lærarskule i forming frå 1982-88. Ingun Dahlin har med tida vorte ein av landets aller fremste keramikarar, og ho har hatt utstillingar over heile landet.
Dahlin sine vakre skulpturar har òg funne vegen til ei rekke offentlege bygg og private heim. St. Olavs hospital, Olavshallen, Olsvik kyrkje og skulpturparken i Petrozavodsk i Russland for å nemna nokon.
“Eg arbeider i leire. Modellerer skulpturar som er figurative og rustikke. I tillegg til modelleringen brukar eg gjerne grafiske teknikkar – som feks fotooverført silketrykk. For meg dreier mitt arbeid seg om å skapa liv i leira. Eg opplever at alt handlar om kommunikasjon, relasjon og assosiasjon. Men livet oppstår først i møtet og kommunikasjonen mellom kunsten og mennesket. For meg handlar kunsten om livet og undringen over livet. Eg ønsker at kunsten skal kunna tala fritt der ord kjem til kort – å seia noko som ord ikkje kan. – Vere som visuell musikk. Kunsten min er språket mitt”
— Ingun Dahlin