
Ingri Egeberg
Bergen
INGRI EGEBERG (f. 1951) bur og arbeider i Bergen. Ho har gitt ut 35 bøker, laga tre tegnefilmar og har hatt tallause utsmykkingsoppdrag. Ho knyter ofte bilda sine til titlar og tekstar og utforskar og dyrkar samstundes streken eller strøket sine møte med materialet i eit utal stemningar og sjansar. Ho kan vere minimalist når det gjeld dyreteikningar og enkle hovud, samstundes som ho kan slå seg laus i og gi seg over til magiske fargekrefter når ho målar.
Ho og Galleri Giga har eit aktivt samarbeid. Galleriet har mange av hennar bilde i kommisjon og skaffer også gjerne bilde frå nettsida hennar: ingriegeberg.no