
Inga S. Søreide
Inga S. Søreide (f. 1982) er utdanna billedkunstner med Bachelor- og Mastergrad frå Noreg og Tyskland. Ho bur og arbeider i Bergen. Ho har hatt separatutstillinger på m.a. Kunstgarasjen, Galleri 21 (Malmö), Galleri Giga og på Visingsrommet Usf Verftet (Bergen) og har deltatt på ei rekke gruppeutstillingar.
«Eg arbeidar med skulptur og maleri i ulike format og materiale. Gjennom mitt verke søkjer eg ikkje fakta eller fiksjon, men noko i mellom. Ein kan sjå figurative fragment og objekt, sett saman med meir opne formar og element. Undervegs i den skapende prosessen let eg materiale og oppdagingar væra med på å spela inn på det endelege uttrykket. Referansar i arbeida går både til historie, mytologi, psykologi, fenomenologi og evolusjonsteori».