Helen Mørken

HELEN MØRKEN (f. 1958) er ein norsk keramikar som arbeider mykje med porselen – tynn, kvit, gjennomskinneleg – ofte kombinert med lys og nokre gonger i ein kontrast med grov, svart leire. Ho produserer bordlamper og pendellamper, store lysekroner på oppdrag, og bakbelyste veggmonterte verk. Verka hennar blir raskt eit fokuspunkt og kan løfta heile inntrykket av eit rom.
Ho bruker fleire teknikkar, inkludert støyping, dreiing og handbygging – alt etter det uttrykket ho søker etter.

Helen Mørken jobbar òg i kaldt glas og gjenbruksmateriale slik som avfallsplast.

Kunstnarutdanninga si har Mørken frå Glasgow School of Art i Skottland og frå Bath Spa University i England. Ho har hatt fleire offentlege og private utsmykningsoppdrag og innkjøp, og har hatt separatutstillinger i Noreg og Storbritannia.

Nothing found.