Guttestreker

GUTTESTREKER fokuserer på å laga filosofiske bilde, basert på vitskap. Dei teiknar metaforar som vanlege folk kan forstå, for å formidla bodskapen deira om den manglande evna menneskja har til å verdsetja jorda og innbyggarane dens.

Guttestreker består av Petter Malterud Grøndahl (f. 1989) og Christoffer Kroge Christensen (f. 1990). Sjølv om dei har teikna store delar av livet, tok diverse studiar og jobb opp store delar av tida etter vidaregåande. Det var først seint på hausten 2015 at dei fann kvarandre og byrja å teikna saman. Dei delte ei felles interesse for filosofi og vitskap og ønskte å laga bilde som reflekterte meiningane deira om verda og menneska som bur på ho. Sidan den gong har dei arrangert 5 eigne utstillingar og stilt ut på endå fleire. Mellom anna har dei arrangert to utstillingar hos Hells Angels på Alnabru og ein på Trevarefabrikken i Lofoten i sommar.

Tidlegare har dei gjort oppdrag for Oslo Fashion Week, Mercedes, Redbull og Microsoft Noreg, for å nemna nokon. I tillegg har dei òg laga fleire platecover, m.a for den bergenske rapperen Kamelen, som har fleire millionar avspelingar på Spotify