
goFORM – Beate Lund Kristiansen
goFORM keramikk er driven av keramikar Beate Lund Kristiansen (f 1972). Beate har fag- og svennebrev i keramikerfaget. Ho har hatt mange utstillingar i Noreg og er innkjøpt av m.a Hist, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Malvik Kommune.
«For meg handlar det mykje om den ideelle kombinasjonen av materialet og form. Å vera ærleg med leira, og få fram stoffligheten og kvalitetane dens i produkta.
Jobbar mykje med grunnformene. Kuben og sylinderen finn ein som utgangspunkt i mange av produkta og skulpturane mine. Liker å gjera dei skulpturelle utan å øydelegga den reine linja. Fleire av tinga mine kan vera modular i ein større samanheng. Liker å laga element, som flott kan stå åleine, men som også kan setjast saman i ein større samanheng. Er òg nysgjerrig på mønster, og hentar ofte inspirasjon frå gamle mønster. Synest det er gøy å kombinera det moderne og det gamle… Følar på den måten eg tar vare på noko viktig frå historia vår.»