Geir Nymark

GEIR NYMARK (f.1956, Bergen) Bur og jobbar på Voss.
Gjennom ulike etseteknikker som akvatint, sukkerakvatint og flatbiting, skaper Geir Nymark først bildet i sinkplater. Han likar å eksperimentera og arbeider ofte direkte med platene utan for mange skisser. Nymark er tilhengar av eit spontant og reint uttrykk, og er fascinert av den stofflege og teksturelle karakteren til etsinga.

Trykkingen er ein omfattande og tidkrevjande prosess som gjer kvart enkelt trykk til eit unikt arbeid. Han arbeider òg med lakk på ulike materiale (metall og papir). Dette blir då originale arbeid. Geir Nymark er medlem av Norske Grafikere og Norske Billedkunstnere.