
Frank Brunner
FRANK BRUNNER (f. 1971) er ein norsk biletkunstnar som har utdanninga si frå Statens Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven, USA. Han har bak seg ei rekkje utstillingar i inn – og utland og er representert i offentlege og private samlingar både nasjonalt og internasjonalt. Han bur og arbeider i New York og Oslo.
Frank Brunner jobbar med maleri og grafikk og er kjend for si evne til å frysa augneblinken gjerne med motiv framstilt i eit draumeaktig landskap. Ved hjelp av stemningsbærande lys, refleksjonar og skuggar, inviterer Brunner betraktaren inn i eit rom der betraktaren sine eigne tankar og minner kan få spela seg ut. Kunstnaren er fascinert av skjeringspunktet mellom motsetnadar: Det berekna og det impulsive. Det urbane og det rurale. Kultur og natur. Dei fleste av Brunner sine motiv er utan personar i, men med ei sterk kjensle av at nokon er i nærleiken, som om dei når som helst kan vandra inn i bildet.