Embla Øverbye

EMBLA ØVERBYE (f. 1993, Akershus) bur og jobbar i Oslo. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med BFA i grafisk kunst og teikning og er medlem av Norske Grafikere og Norske Billedkunstnere (NBK).
Ho har deltatt på den Internasjonale Tresnittfestivalen i Haugesund, 2nd Printmaking Biennial i Armenia og fleire utstillingar på Norske Grafikere. Ho er representert med tresnitt i samlinga Collection of the International Print Biennale Yerevan, Armenia 2019.

Øverbye vekslar mellom å arbeida med tresnitt, djuptrykk og teikning. Dette skjer introspektivt. Ho interesserer seg for skuggesida av ting. Øverbye stiller spørsmål ved nytta eller gleda av å omfamne mørket og det vakre, såre og trygge som brått oppstår i det.

Kunstarportrett: Sara Tonning