
Ellen Kalvig
ELLEN MARIE KALVIG (f. 1958) er ein norsk biletkunstnar som bur og
arbeider i eige atelier i Suldal. Ho har utdanninga si frå Tegne- og
maleskolen, Bergen og Kunstskolen i Rogaland, Stavanger. Kalvig har
stilt ut jamleg sidan 1986 i inn – og utland. Debututstilling i Sandnes
kunstforeining 1987, og medlem i NBK sidan 1988.
Inspirasjonen kjem frå naturen og landskapet som ho omarbeider malerisk
og grafisk til menneskelege omgrep ved bruk av kontrastar, lys,
symbolikk og assosiasjonar. Bileta er av eit landskap eller ein metafor
på noko anna – det vel sjåaren. Kalvig har vald å bu tett på naturen, og
gjennom kjennskap og bruk til denne, finn ho si kjelde til kunsten.