
Ellen Heiberg Thomsen
ELLEN HEIBERG THOMSEN (f. 1969) lagar funksjonell keramikk under produktnavnet Ekeramikk. Ho har base i Oslo, der ho har jobba som keramikar siden 2005. Sidan 2012 i eigen verkstad.
Ho lagar bruksting i steingods og porselen, prega av enkle, organiske former og få, utvalde fargar. Hennar uttrykk ligg nær ei retning innanfor kunst og design som blir kalla skandinavisk japanisme. Ofte leikar ho med naturlege kontrastar i forskjellige typar leire, glasurar og fargar innenfor same formspråk: Grovt steingods saman med fin porselen. Ulike fargar utenpå og inni. Matt og blank glasur saman.
I ei tid der fleire og fleire, såvel designarar som kunsthand-verkarar baserer produksjon sin på fabrikkane sine støype-teknikkar, slår ho eit slag for det handdreia produktet. I sjølve dreieprosessen gjev ho nydeleg liv og personlegdom til kvar einskild ting. Alle produktene blir ferdigbrende ved 1260 gradar, og kan dirfor både varmast i steikeovn og vaskast i oppvaskmaskin. Alt skal kunne brukast med glede kvar dag.