
Dag Bratbergsengen
DAG BRATBERGSENGEN (f. 1956)
har si keramikkutdanning frå Statens Lærerhøgskole i forming, avd. Blaker, og frå Harrogate College of Art and Design, England. Hans karakteristiske antropomorfe skapningar har fått eit stort publikum og ein vid kundekrins. Skulpturane er ofte utstyrte med små underfundige tekstar og namn, noko som gir dei endå meir særpreg.
Bratbergsengen har arbeidd profesjonelt som keramikar sidan 1987. Han er innkjøpt av ein rekkje offentlege instansar og har hatt flere utsmykkingar og andre oppdrag. Han har mottatt fleire stipend, sist i 2018 fekk han Statens seniorstipend for kunstnarar fram til pensjonsalder.