image 6483441

Cecilie Bakkedal Langnes

Askøy/Stord

Cecilie Bekkedal Langnes

«I ein garasje på Askøy er det magien skjer. Det er ihvertfall heilt magisk for meg å arbeide med leire.
Eg skulle ønske at eg kunne presentere meg som ein keramiker med eige lyst og luftig atelier, men enn så lenge sjonglerer eg tre små gutar og lagar keramikk i garasjen, rundtom i heile huset og i kvart ledige sekund både med og utan ungar. Keramikken er ein del av kvardagen både for meg og ungane.
Det å skapa, være kreativ, utvikle produkt åleine eller saman med andre er det som gir meg påfyll. Å ikkje få utrykke seg kreativt føles som ein verkebyll som berre veks seg større og større for kvar dag. Dette trur eg mange kan gjenne seg igjen i.
Brukskunst er området eg trivest best å arbeide i, på nytt dette med å ha kreativiteten med seg i kvardagen. Å omgi seg med handlaga produkt kjenner eg at gjer godt. Fargar spelar ein stor rolle og eg tar meg ofte i å bli nærast besatt av ein farge eller eit utrykk. Eg har ikkje klart å lande på ein “stil” eller eit uttrykk enno, det er så uendelig mange teknikkar, fargar, glasurar og leiretypar som må prøvast. Men å lande på ein stil er heller kanskje ikkje målet. Målet er ikkje satt.»
sirkuskopp lysblå blå

Sirkuskopp lysblå-blå

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr
sirkuskopp mint rosa

Sirkuskopp mint-rosa

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr
sirkuskopp mint syregul

Sirkuskopp mint-syregul

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr
sirkuskopp fersken oker

Sirkuskopp fersken-oker

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr
sirkuskopp lilla blå

Sirkuskopp lilla-blå

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr
orange og raud kopp

Sirkuskopp orange-raud

Cecilie Bakkedal Langnes500,00kr