
Brink & In’t Veld Keramikk
BRINK & IN’T VELD KERAMIKK
KRISTIAN BRINK BENDIKSEN, (f.1950, Danmark), bur i Stavanger. Byrja i lære hjå Kahler Potterier i 1967, sveinebrev hos keramikarne Palle og Margrethe Dybdal, Danmark, 1 års verkstadpraksis hjå Olav og Anette Gyllenborg, Sverige, 1 år hjå Odd og Kari Gjerstad på Sotra. 4 år med diplom på Bergen kunst- og håndverkskole. Medl. NK frå 1980.
HELENE IN’T VELD BENDIKSEN (f. 1955, Stavanger). Teikning-form-farge ved Bergeland. Estetiske fag og forming ved Hetland gymnas. Art studio ved University of Alaska. Autodidakt innan keramikk.
Frå 1985 har dei to hatt sams verkstad på Heskestad og i Stavanger, der dei lagar frodig og brukarvennleg keramikk i steingods og porselensleire. Både i felleskap og kvar for seg søkjer dei harmoni i arbeidet med form og farge. Arbeida deira er gjennom alle år innkjøpte av firmakunstlag og kommunar, og er elles å finna m.a. hjå Galleri Giga, Stord, Hjertholm, Bergen, Galleri Guddal, Rosendal, Hå Gamle Prestegard, Hå og i deira eige galleri i Langgata 62, Stavanger.