Åsmund Haukelidsæter

Åsmund Haukelidsæter (1964) er utdanna ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design, Bergen. I tillegg til dette leidde han litografiavdelinga på Grafisk Verksted i Stavanger frå 1990- 2009.

Åsmund Haukelidsæter arbeider med teikning og grafikk, hovudsakleg tresnitt. Han har hatt fleire separatutstillinger, mellom anna ved Galleri G i Sandnes, Atelier Svolvær i Lofoten og Galleri Neo i Stavanger. I tillegg har han deltatt på ei rekke kollektivutstillingar over heile landet.

Haukelidsæter har òg arbeidet som illustratør og rettsteiknar.