Åse Ljones

Bergen

ÅSE LJONES (f.1954) er ein av Noregs fremste tekstilkunstnarar. Ho kjem frå Strandebarm, bur og jobbar i Bergen. Ljones har utdanninga si frå Bergen Tegne-og Malerskole og Statens høgskule for kunsthandverk og design. Som kunstnar er Åse Ljones kjend for sitt originale og sjølvstendige uttrykk der ho gjennom karriera har nytta eit vell av ulike material i broderia sine: Fiskeskinn, isopor, finér, silke, gummi og lin m.m. Ljones er mykje nytta som utsmykkar og har bak seg ei rekkje nasjonale separat- og kollektivutstillingar.

Benedikte Maurseth om Ljones sine verk:
«Arbeid som ser ut som store grafiske partitur, som kan minna om den repeterande og suggererande musikken til Meredith Monk, eller ein gamal huldreslått frå Hardanger. Men der slåttens tilfeldigheiter stig fram berre over nokre minutt, kanskje, stig bileta til Åse fram gjennom fleire timar med sting, dagar med sting, månader med sting etter sting i det einskilde arbeide. Og det er når ho heng det opp på veggen og ljoset legg seg over det at spelet held fram.»

Nothing found.