Aron Irving Li

ARON IRVING LI (f. 1989) lagar sølvsmykke inspirert av formasjonane til naturen og geometriske strukturar. Smykka ber preg av eit skulpturelt og
minimalistisk formspråk. Med reine og stramme linjer lagar han tidlause smykke der kvalitetane på materialet blir vektlagde. Li er opptatt av funksjonalitet, berekraft og kvalitet og alle smykka er laga for hand på verkstaden hans i Oslo. Li arbeider òg med mindre objekt og metallskulpturar. Inspirert av dyre- og dei komplekse strukturane til planteriket fokuserer han på taktile og visuelle eigenskapar og ønsker å formidla venleiken til mangfaldet i naturen.

Aron Irving Li er utdanna metall-og smykkekunstnar med bachelor (2013) og mastergrad (2015) frå kunsthøgskulen i Oslo. Li har mellom anna hatt separatutstilling på Buskerud kunstsenter 2019 og Kunstbanken, Hedmark kunstsenter 2018. Han har deltatt i gruppeutstillingar på galleri som Kunstnerforbundet, Oslo 2018. Collect 2017, Saatshi gallery, London 2017. Hå gamle prestegard, Nærbø 2017. KRAFT, Bergen 2016 og Galleri Format, Oslo 2015. Li arbeida sine er innkjøpte av Nasjonalmuseet for kunst og design, Oslo 2019, KODE, Bergen 2018 og Nordenfjeldske kunstindustrimuseum 2015.

Portrettbilde: Aliona Pazdniakova

Pyramide øyredobb

Aron Irving Li1 250,00kr

Pyramide øyredobb

Aron Irving Li875,00kr
Solgt

Lønnefrø øyredobb

Aron Irving Li950,00kr

Klassisk Øyrering

Aron Irving Li1 750,00kr

Klassisk Øyrering

Aron Irving Li1 750,00kr