
Annette Bryne
Annette Bryne (F.1960).
Annette Bryne jobbar innan det abstrakte billedutrykket i måleriet i teknikken akryl på lerret.
Bygger opp billedflaten med transparente lag på lag.
Gradvis formar ho motivet i ei retning som skaper liv og djupne i motivet sitt ved store kontrastar i form og farge.
Frå det transparente til det opaque. Stadig i organiske former.
Dei reine uberørte flatene speler like stor rolle som dei omarbeidde.
Ho går i overgangen mellom sjø og land. Lèt seg inspirera av rørsla.
Kontinuerleg rulling av bølgjer og vind som slår mot land og skaper endring over tid samtidig som strandlinja består.
Organiske former som oppstår i dei handfaste steinane, tare og sand. Og
mellomromma som skaper vakre former.
Endringar i forhold til vêret som skaper lys og skugge. Og ikkje minst dei
transparente flatene etter vatnet som skyl inn.