Anne Tveit Knutson eige bilete

Anne Tveit Knutson

Bergen

Eg er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, og gjekk ut med hovudfag i 2004. At eg også er utdanna sjukepleiar er med på å prega kunstnarskapet mitt. Eg fokuserer på menneske i ulike livssituasjonar og brenn for at menneske, uansett ressursar, livssituasjon og posisjonar, skal bli møtt med same respekt i samfunnet. Menneske eg møter, relasjonar og urettferd motiverer meg til å laga kunst, og særleg menneske og grupper som ikkje alltid roper høgast.

Sidan 2012 har eg arbeidd med serien Am I too loud. Den første videoen i denne serien fekk i spesialprisen for 2013 juryen ved den nordisk/russisk portrettutstillinga PORTRÆT NU. Ein annan video i serien, Til Far, vart innkjøpt til KODE i 2016 av Innkjøpsfondet for Norsk Kunsthåndverk. Mitt siste store prosjekt er arbeidd med filmen Tvillingsong (produsent: Elin Sander, Aldeles AS – 2021) Møtet med tvillingane Eli og Toril, som lever med ei utviklingshemming, har er ein sterk motivasjon til å halda fram med å laga kunstdokumentarar .

Gjennom arbeida mine ønskjer eg å få fram ein sanselighet og sensibilitet, og gi rom for det ordlause. Eg insisterer på eit anna blikk enn det som er samfunnsmessig rådande. Arbeida mine blir prega av ein enkel men tydeleg formal bearbeiding av ytre røyndom, samtidig som eg forventar at betrakteren skal bruka tid på det stillfarne. Dette er den kunstnariske dagsordenen min, og han viser seg på ulike måtar. Mest gjennom video og film, men også artist books, og utstillingar som viser meir av prosessen.

Nothing found.