
Anne Sofie Stumo
Oslo
Anne Sofie Stumo (født i Haugesund), er ein norsk keramikar som bur og jobbar i Oslo.
Stumo starta med akvarell og oljemaling før ho byrja med keramikk i 2005.
Visjonen hennar er at gjenstandane ho lagar skal ha fleire bruksmål.
Ho jobbar hovudsakleg med steingodsleire og litt med porselensleire.
Motiva er hennar eigne, inspirerte av popart og varierer frå det rosa, sarte til det meir maskuline. Somme gonger friteiknar ho direkte på keramikken, andre gongar kombinerer ho avteikning med blåpapir og friteikning. Ofte beheld ho utsida utan glasur for eit meir røft uttrykk.
Medlem av Norske brukskunstnere sidan mai 2020.